Z for sorry

Marit O. Kaldhol

Aleine igjen. Mamma og pappa har ikkje tid. Ikkje i dag. Ikkje i morgon. Seinare. Seinare er aldri.

Undertittel

Susan flyttar på hybel. Skal byrje på danselinje på vidaregåande. Men ingenting blir som ho hadde håpa på. Åleine på hybel. Åleine i klassen. Åleine. Åleine.

Vi kjem inn i hendinga når Susan ligg på sjukehus. Kva har hendt? Det får vi vite fyrst mot slutten av boka. Vi hoppar i tid, og vert kjend med ei forbanna og einsam jente, som føler seg heilt overlate til seg sjølv.

Boka er skreve på nynorsk og er lett å lese.

Passar for både gutar og jenter frå 13 år.


Anbefalt av Anne Kristi Jønland | 20.03.2019


Topp
Translate »