Hest, hest, tiger, tiger

Mette Eike Neerlin

Hest, hest, tiger, tiger, seier dei i Kina, når noko ikkje er heilt bra, men kunne vore verre.

Undertittel

Honey bur med mor si og storesyster, Mikala, som er psykisk utviklingshemma. Honey er ei jente som er vand med å klare seg sjølv. Ho har ein far som vert framstilt som både uansvarleg og småkriminell og ei mor som sliter med sitt. Men dette er ikkje primært ei bok om ein dysfunksjonell familie. Dette er ei bok om ei ung jente som, trass alt ho har å slite med, taklar livet på ein beundringsverdig måte. Ho har stor sjølvinnsikt og mykje humor. Og dette blanda med at ho til stadighet lyg, utan å eigenleg ville det, set henne i mange merkelege situasjonar. Men mykje varme og humor blir vi kjent med Honey og kva som skjedde den gongen ho gikk vart med bussen mykje lengre enn ho skulle…

Boka er på nynorsk. Den er lett og lese og passar for alle frå 10 år.


Anbefalt av Anne Kristi Jønland | 11.10.2018


Topp
Translate »