Goliat (2013)

Tom Gauld

Visste du at Goliat eigentleg var ein fredeleg fyr, som jobba med kontorarbeid?

Undertittel

Nokre historiar trur vi at vi kjenner. Tornerose, Snehvit og de syv dvergene, historia om Noah og dyra i arken og historia om David og Goliat. Vi veit alle kva som skjedde med Goliat; David sender ein stein i panna hans og det var det. Men tenk om Goliat slett ikkje var nokon krigar. Alt han ville var å sitte for seg sjølv og gjere jobben sin. Heile oppfatninga vår av Goliat som ein brutal og rå krigsmaskin vert her snudd på hovudet. Vi vert kjende med historia sett frå Goliat sin synsvinkel. Boka skildrar ein roleg og litt stussleg mann, som ikkje skjønar kvifor han får eit slikt brutalt oppdrag frå kongen sjølv.

Teikningane understrekar teksten med fargelause og enkle teikningar.

Ei underfundig framstilling av ein kjend tekst. 


Anbefalt av Anne Kristi Jønland | 03.07.2015


Topp
Translate »