Nynorsk

Undertittel

Bilde av bok

Alle har eit sultent hjerte (2008)

Bjørn Sortland

Anbefalt av Anne Kristi Jønland | 29.06.2011

”Eg er jo berre seksten. Det kan ikkje skje med ei som meg! Eg vaskar både stova og kjøkkenet heime kvar helg. Eg gjer leksene, stort sett. Trenar friidrett. Eg er med i Dyrevernet. Eg har fadderbarn i Brasil, Patrícia på ti år. Eg har halde foredrag for klassen om sal av norskprodusert krigsutstyr til utlandet. Eg har aldri juksa, eg kastar alltid farga glas og klart glas i forskjellige konteinarar. Eg veit jo alt om kva ein skal gjera for å unngå å få ein ekstra strek på graviditetstesten.” Men så skjer det altså likevel. Ina vert gravid, med Erik. Etter ein klassefest. Men Erik er saman med Katrine. Har han sagt noko til henne?
Passar for ungdom frå 13 år.

Les mer
Bilde av bok

Vi gir oss aldri (2007)

Bente Bratlund

Anbefalt av Anne Kristi Jønland | 29.06.2010

Unni er ny i klassen. Ho trur ho kjem til å bli utanfor og einsam, men heldigvis er det også ei anna ny jente i klassen denne hausten. Linn og Unni bestemmer seg for å halde saman. Linn er ei sprudlande og optmistisk jente. Ho har nett vore på kurs i tarot, og vil gjerne fortelje Unni kva som vil hende med henne i framtida. Det vil ikkje Unni vite. Ho kvir seg til framtida, mora har flytta hit til ein kjærast ho har møtt på nettet, som Unni slett ikkje likar. Linn har flytta inn hjå nye fosterforeldre og likar seg kjempegodt. Så spår Linn seg sjølv, og ser både katastrofe og kjærleik …

Les mer
Bilde av bok

Venneringen (2007)

Magnhild Bruheim

Anbefalt av Anne Kristi Jønland | 29.06.2010

”Livet er ikkje alltid til å stole på. Hadde Bente Vessel fått eit varsel om alt som skulle skje den siste ferieveka før tiande klasse, så hadde ho kanskje snudd og reist heim.”
Passar for ungdom frå 13 år.

Les mer
Bilde av bok

Vinterfilm

Tore Elia Hoel

Anbefalt av Anne Kristi Jønland | 29.06.2010

Kristian er 16 år og går på vidaregåande skule. Han har ikkje sysken og bur saman med foreldra sine på ein liten stad i Noreg. Men denne vesle familien har det ikkje godt. Foreldra drikk. Dette synest Kristian er både vondt og flaut. Han prøver å skjule det med å rydde og vaske etter dei, og gjera alt som skal til for å skjule korleis dei eigentleg har det. Han sender julekort til familien, han lagar mat då det kjem uventa besøk som ikkje må få mistanke. Kort sagt, Kristian si viktigaste oppgåve å dekke over foreldras alkoholbruk.
Passar for ungdom frå 13 år.

Les mer
Bilde av bok

Ny melding (2003)

Magnhild Bruheim

Anbefalt av Anne Kristi Jønland | 29.06.2010

”Har det skjedd noko?” spurde Martine spent da dei hadde sett seg.
Bente tok ein kunstpause før ho formanande sa: ”Dette må du lova ikkje å seia til ein levande sjel.”
”Æresord.”
”Eg har fått tekstmeldingar frå telefonen til Kami,” kviskrar ho.
”Kva?!” utbraut Martine, før ho såg stumt og forvirra på Bente med sminkelause auge.
”Ho har sendt meldingar om at alt er ok med henne. Med streng beskjed om å ikkje seia noko til andre.”
”Med andre ord…ho har altså rømt.” Martine såg lamslått ut. ”Og så vil ho ikkje at dei skal finne henne.”
”Hadde eg berre vore sikker på det. Men det verste er at eg ikkje veit om det er ho sjølv som har sendt meldingane. Eller om ho er fanga av folk som bruker telefonen hennar.”

Les mer
Bilde av bok

Okkupert kjærleik (2000)

Ragnhild Trohaug

Anbefalt av Anne Kristi Jønland | 29.06.2010

Ingenting er slik femten år gamle Ida ønskjer det. Ho innstiller seg på ein einsam sommar oppe i tenketreet. Foreldra hennar er legar, og har dratt på oppdrag til Afrika. Ida skal bu saman med storebroren, Thomas og kjærasten hans, Maria. Ida er svært knytt til Thomas. Ho er sjalu på Maria, og mislikar sterkt å skulle bu i huset til Maria heile sommaren. Ho føler seg svikta av foreldra, som har reist bort og av Thomas, som nå har andre enn henne å tenke på.
Boka passar frå ca. 13 år.

Les mer
Bilde av bok

Ingen må vite (2008)

Aino Basso

Anbefalt av Anne Kristi Jønland | 01.01.2010

Året er 1734. Ingeborg er 14 år. Ein dag dett ho på isen og slik møter ho Mikkel. Han hjelper henne opp, og Ingeborg byrjar å drøyme om han både natt og dag. Men Ingeborg ber på ein stor og farleg løyndom. Noko ingen må få veta. Noko som kan få alvorlege konsekvensar for alle involverte. Fleire netter kjenner ho store, grove hender under nattserken. Hender som krafsar og vil henne vondt, og som bare kjem når mora ikkje er heime.
Dette er debutboka til Aina Basso. Vi kan sjå fram til neste bok. Dette lovar bra. Boka passar for ungdom frå 13 år.

Les mer
Bilde av bok

1000 dagar

Inger Johanne Sæterbakk

Anbefalt av Anne Kristi Jønland |

Korleis er det å begynne på ungdomsskulen, kampen for å ha dei «riktige» vennene, skilnaden det ofte er mellom gutar og jenter på 13 år, og korleis det kjennest å være midt mellom barn og vasken.

Les mer
Topp
Translate »