Så lenge ingen ser oss

Anders Totland (2017)

Ei bok om seksuelle overgrep.

Undertittel

Jon bur med mor si og stefedrar som kjem og går. Men ein dag flyttar Ole inn. Han er annleis. Han steikjer pannekaker, og blir trenar på fotballaget. Han ser ut til å bry seg. Alle likar Ole, men Jon har det vondt. Han veit om andre ting med Ole. Ting han opplev når berre dei to er saman og som er feil. Frykteleg feil.

Så lenge ingen ser oss er ei vond og viktig bok. Ei bok om eit tema det er vanskeleg å snakke om, men desto viktigare at nokon gjer det.

Viktig bok for gutar og jenter frå 13 år.


Anbefalt av Anne Kristi Jønland | 08.11.2017